Historie

Slekta på gården er det sagt at stammar frå grev Clement og grevinne Belju frå Skottland, som kom til dalen på 1400-talet. Slekta har vore på garden sidan 1676.

GREV CLEMENT g.m. GREVINNE BELJU
(Belle, Beia)
Kom til Nes fyrst på 1300-Talet, kanskje frå Dunvegan – slottet på Hebridene. Dei budde på Devegge i Nes, som skal være navgitt etter det slottet dei kom ifrå. Bygde Nes gamle kyrkje i 1327.
HELGE STENSEN, f.1650 på Nes. Gifta seg til garden i 1676, ingen born. Gift 2.g.m. Birgit Tollefsdatter Opsata, som var syster til «Blankola» Det var ho som jaga «fantefølgje» tå Havsdalen. Dei hadde 4 unger.

STEN HELGESEN (1.) HAMARSBØEN
f.1689, overtok garden i 1704. G.m. Turi Sandersdotter Raaen, f.1694. 
Ho var dotter av skotten Sander Sanderson, som hadde Røo. Dei hadde 9 unger.

OLE STEENSEN HAMMERSBØEN
f.1725, overtok garden i 1748. G.m. Aagot Olsdatter Rønsgaard, Ustedalen. Dei hadde 11 unger.

STEEN OLSEN (2.) HAMMERSBØEN
f.1756, overtok halve garden i 1774 og reisten i 1777. G.m. Gro Knutsdatter Ødegården. Han var lensmann og bonde. Dei hadde 7 unger.

OLA STEENSEN HAMMERSBØEN
f. 1785, overtok garden i 1808. G. 1.g.med Gunner
Olsdatter, Søre Nerol. Ingen unger. G.2.g. med Gunhild Tollefsdtr. Nordre Gjivsjord, heller ingen unger. Selde garden til Ola Torsteinson, Søre Strand i 1849.

STEEN STEENSEN (3.)HAMMERSBØEN
f. 1798, (bror til Ola S. Hammersbøen) G.m. Ambjørg Larsdatter Seim, Hol.
Han var lærar, lensmann og bonde. Bodde fyrst på Søndrol, så Øvremyro og tok så att Hamarsbøen på odel i 1855 og flytte dit. Dei hadde 7 unger.

LARS STEENSEN (1.) HAMMERSBØEN
f. 1844,(yngste son til Steen og Ambjørg) G.m. Margit Torstensdatter Rue, f.1842.
Han overtok garden i 1873. Han var også lensmann og den første ordføraren etter at Hol vart eigen kommune i 1876. Dei hadde 11 unger.

STEIN LARSON (4.) HAMMERSBØEN
f.1864, g.m. Birgit Olsdatter Myljo Slettemoen, f.1863.
Overtok mest sannsynlig i 1898. Dei hadde 6 unger.

LARS STEINSON (2.) HAMMERSBØEN
f. 1896, g.m. Ragnhild Olsdatter Reinton f.1896.
Overtok garden i 1926. Dei hadde ein son.

STEIN LARSON (5.) HAMMERSBØEN
f. 1927, g.m. Margit Engebretsdtr. Ruud f.1925
Fra Opheim i Torpo. Overtok garden i 1952. 3 unger, alle busett i Hol kommune.

LARS STEINSON (3.) HAMARSBØEN
f.1953, g.m. Åse Liv Steinslett f. 1956 i Hattfjelldal, Nordland. Overtok garden i 1992. Dei har 2 unger.

LIV MARIT HAMARSBØEN f.1981, samboer med Roger Nibstad Brusletto f.1977, Gol. Overtok garden i 2014. Dei har to unger.